Blåklokke
kjede 42 cm er inkludert i prisen (rund anker 1,5 mm) 925 sølv mål: ca 22 x 14 mm inkl. hempe Eit smykke som ber med seg minner frå barndommen. Små steg langs ein grøftekant med handa full av fine blomar, der den aller finaste var blåklokka. Tanken på å skape den i edelt metall har eg hatt med meg lenge, men prosessen stoppa opp mang ein gong. Den var ikkje så enkel å få til rett og slett. Eg lagar massive smykker der det ikkje blir spara på godset, noko som blir i strid med uttrykket til ein skjør plante som har veldig tynn stilk og utstikkande begerblad. Eg lot forma og teksturen vere det viktigaste i skapar-prosessen og detaljane er med på min måte. Resultatet blei eit yndig, men solid blåklokke-smykke som eg håpar har ein gjenkjenneleg signatur 😊
Variants (1)
- Default Title — 2900.00 NOK — In stock
AI Readiness
Good foundation, but some important product data is still missing.