Handlaga skjærefjøl i eik - liten

Handlaga skjærefjøl i eik - liten

Brand: Symre
249.00 NOK In stock Buy at Merchant

Gutane våre – Michael (16 år) og Ola (14 år) – har verkeleg fått dreisen på handverket og har laga flotte skjærefjøler på verkstaden her på garden! Kvar einaste fjøl er laga i nydeleg eik, eit solid og slitesterkt materiale som berre blir finare med tida. Dei legg stoltheit i arbeidet sitt, og kvar fjøl er nøye pussa slik at overflata blir mjuk og god å bruke. Fjølene vert leverte ferdig olja, klare til bruk, og med ei praktisk og dekorativ skinnsnor for oppheng. Denne skjærefjøla måler 24 cm x 15 cm x 2 cm Det er ein fin størrelse til å kutte frukt og grønsaker. Me har også: Skjærefjøl stor – fin størrelse til å skjære brød Skjærefjøl medium – fin størrelse til å servere spekemat og ost Gutane lager også møbelpleie til behandling av skjærefjøler, benkeplater, kjøkkenredskap i tre. Skjærefjølene våre er handlaga med omtanke og ekte handverk på Een gard, vår familiebedrift oppe under fjellet Lønahorgi på Voss. På garden driv familien økologisk og tradisjonelt landbruk, og her hjelper både store og små til med ulike oppgåver. Å lage skjærefjølene her er ein del av den same genuine gardskulturen – med fokus på kvalitet, kortreist handverk og lokale ressursar.

Variants (1)
  • Default Title — 249.00 NOK — In stock

AI Readiness

Good foundation, but some important product data is still missing.

83%