Draumestund 💜
SPAPAKKEN 💜🌿 Ein liten pause for kropp og sinn Skap di eiga spa-stund heime med Epsomsalt, Magnesiumkrem Lavendel og DRØM – ein herleg kombinasjon for varme bad, slitne føter og rolege kveldar. Start med eit varmt karbad eller fotbad med Epsomsalt. Len deg tilbake, senk skuldrene og nyt ei stille stund. Avslutt med å massere føter og leggar med Magnesiumkrem Lavendel. 💜 Magnesiumkrem Lavendel Ein norskprodusert, økologisk magnesiumkrem med eterisk lavendelolje. Den milde og avslappande dufta gjer kremen spesielt godt eigna til massasje av slitne musklar og som ein del av kveldsrutinen. DRØM- økologisk oljeblanding Gry Hammer DRØM er ei økologisk oljeblanding utvikla for dei stille stundene før natta.Blandinga inneheld eteriske oljer av lavendel, vetiver, myrra og ylang-ylang, med mjuke og behagelege duftar som passar godt når du ønskjer å roa ned og skapa ei avslappande stemning om kvelden. Dei eteriske oljene er blanda i økologisk jojobaolje, slik at blandinga kan brukast direkte på huda. Med ønske om ei god natt 🌙 Magnesium bidreg til normal muskelfunksjon og normal funksjon i nervesystemet, medan lavendel gir ei behageleg duft og ei god kjensle av ro og velvære. Bruk: Masser 1–2 pumpetrykk godt inn på ønskt område. Mange likar spesielt å bruke kremen på føter og leggar om kvelden. 🛁 Epsomsalt – 200 g Epsomsalt, også kjent som bittersalt, engelsk salt eller magnesiumsulfat, har lange tradisjonar for bruk i varme bad og fotbad. Saltet løyser seg lett opp i varmt vatn og passar perfekt når du ønskjer å roe ned etter ein aktiv eller travel dag. Karbad: Tilset ca. 200 g Epsomsalt i varmt badevatn og nyt badet i opptil 20 minutt. Fotbad: Tilset ca. 50 g Epsomsalt i varmt vatn og la føtene kvile i opptil 20 minutt. 🌙 Helsekjelda sitt tips Ta eit varmt fotbad med Epsomsalt om kvelden. Tørk føtene godt og avslutt med ein roleg massasje med Magnesiumkrem Lavendel. 💜 Éi roleg stund. Litt ekstra omtanke for deg sjølv 💜 Ei fin gåve til deg sjølv – eller nokon du er glad i Sjå ingrediensar under dei ulike produkta.
Variants (1)
- Default Title — 640.00 NOK — In stock
How AI sees this product
The more complete this product's details, the more confidently AI assistants can understand and recommend it.