Handlaga skjærefjøl i eik - stor

Handlaga skjærefjøl i eik - stor

Brand: Symre
399.00 NOK In stock Buy at Merchant

Gutane våre – Michael (16 år) og Ola (14 år) – har verkeleg fått dreisen på handverket og har laga flotte skjærefjøler på verkstaden her på garden! Kvar einaste fjøl er laga i nydeleg eik, eit solid og slitesterkt materiale som berre blir finare med tida. Dei legg stoltheit i arbeidet sitt, og kvar fjøl er nøye pussa for hand slik at overflata blir mjuk og god å bruke. Fjølene vert leverte ferdig olja, klare til bruk, og med ei praktisk og dekorativ skinnsnor for oppheng. Denne skjærefjøla måler 34 cm x 15 cm x 2 cm Det er ein fin størrelse til å skjære brød. Me har også: Skjærefjøl medium størrelse – fin størrelse til å servere ost og spekemat Skjærefjøl liten – fin størrelse til å skjære frukt Gutane lager også møbelpleie til behandling av skjærefjøler, benkeplater, kjøkkenredskap i tre. Skjærefjølene våre er handlaga med omtanke og ekte handverk på Een gard, vår familiebedrift oppe under fjellet Lønahorgi på Voss. På garden driv familien økologisk og tradisjonelt landbruk, og her hjelper både store og små til med ulike oppgåver. Å lage skjærefjølene her er ein del av den same genuine gardskulturen – med fokus på kvalitet, kortreist handverk og lokale ressursar.

Variants (1)
  • Default Title — 399.00 NOK — In stock

AI Readiness

Good foundation, but some important product data is still missing.

83%