💖JULEGÅVE 💖Naturleg kjærleik til huda🎁 🌹
Denne vesle gåvepakka inneheld våre absolutte favorittar, og er den perfekte gåva til kjæreste, mor, syster, eller ei god venninne. 💖 Og den kjem i ei nydeleg gåveeske. Vår naturlege hudpleie er laga med omsorg for mennesker, natur og miljø. Det er ei gåve med meining – handlaga på ein vakker vestlandsgard 🫶 Gåvepakka inneheld: Ansiktskrem med ringblomst og lavendel. Symre ansiktskrem med ringblomst, mandelolje & lavendel passar for alle hudtypar, men er særskilt god for tørr og sensitiv hud. Kremen er mjukgjerande og næringsrik. Den inneheld få og naturlege ingrediensar: 💜 Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K. 💜 Ringblomstolje er eit vidundermiddel for huda. Ringblomst er ein av dei mest brukte vekstane i naturleg hudpleie. Den kan virke regenererande, helande og beroligande. Til tørr problemhud er dette ei veldig god olje. Ringblomst er også kjent for å vera helande for solbrent hud. 💜 Mandelolje er veldig mykje brukt i hudpleie for sine gode eigenskaper. Me brukar søt mandelolje som er økologisk og kaldpressa, slik at den bevarer mest mogleg av olje sine næringsstoff. Det er ei mild og halvfeit olje som passer til alle hudtypar. Men særskilt er mandelolje kjent for å vera bra for sensitiv og tørr hud. Mandelolje inneheld vitamin A, B1, B2 og E, og er rik på feittsyrer. Den kan virka lindrande på kløe og vera betennelsesdempande. 💜 Lavendel har ei nydeleg og beroligande lukt. Lavendel kan ha god effekt ved både eksem og lett solbrentheit. (60ml) + Symre leppepomade med appelsin & raudbet friskar opp leppene og gir glans. Leppepomaden har ein nydeleg aroma av appelsin, og den flotte fargen kjem frå raudbet frå vår eigen økologiske marknadshage her på garden. Leppepomaden gir god næring til tørre lepper. (15 ml) Sminkefjerner & augebalsam (50 ml). Naturleg sminkefjerner & augebalsam i eitt! Fjerner sminke raskt og effektivt – både vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den er ein super augebalsam – gir ekstra god fukt, næring og pleie. Kan gjerne brukast som nattkrem. 🌸Smør tynt på i ansiktet og tørk forsiktig av med ein mjuk klut / sminkepad. For å fjerne maskara så smører du litt på auge/augevipper og gnikker lett. Tørk av med mjuk klut / sminkepad. Skal ikkje vaskast av! 🌸Eit lite tips når all sminke er fjerna så smører du på litt ekstra rundt augo, men gjerne også i resten av ansiktet om du ønsker det. Kremen fungerer veldig godt som nattkrem, og er ein god balsam til hovne, raude, tørre auger. 🌸Og berre så det er sagt: sjølv om fleire av ingrediensane i denne kremen er helande og med såkalla oppstrammande effekt, så er dette ingen «anti-aging»-balsam som skal hjelpe mot rynker. Me heier faktisk på rynker og alderdom, og meiner at kroppen er fantastisk slik den er! (50 ml)
Variants (1)
- Default Title — 895.00 NOK — In stock
How AI sees this product
The more complete this product's details, the more confidently AI assistants can understand and recommend it.