Handlaga skjærefjøl i eik - medium
Gutane våre – Michael (16 år) og Ola (14 år) – har verkeleg fått dreisen på handverket og har laga flotte skjærefjøler på verkstaden her på garden! Kvar einaste fjøl er laga i nydeleg eik, eit solid og slitesterkt materiale som berre blir finare med tida. Dei legg stoltheit i arbeidet sitt, og kvar fjøl er nøye pussa for hand slik at overflata blir mjuk og god å bruke. Fjølene vert leverte ferdig olja, klare til bruk, og med ei praktisk og dekorativ skinnsnor for oppheng. Denne skjærefjøla måler 29 cm x 15 cm x 2 cm – ein veldig fin størrelse til servering av spekemat, ost og kjeks, men også perfekt til oppskoren frukt eller smårettar når du vil gjere litt ekstra stas på borddekkinga. Me har også: Skjærefjøl stor – fin størrelse til å skjære brød Skjærefjøl liten – fin størrelse til å skjære frukt Gutane lager også møbelpleie til behandling av skjærefjøler, benkeplater, kjøkkenredskap i tre. Skjærefjølene våre er handlaga med omtanke og ekte handverk på Een gard, vår familiebedrift oppe under fjellet Lønahorgi på Voss. På garden driv familien økologisk og tradisjonelt landbruk, og her hjelper både store og små til med ulike oppgåver. Å lage skjærefjølene her er ein del av den same genuine gardskulturen – med fokus på kvalitet, kortreist handverk og lokale ressursar.
Variants (1)
- Default Title — 299.00 NOK — In stock
AI Readiness
Good foundation, but some important product data is still missing.